Brødrene Aa måtte melde oppbud - dei sat igjen med heile riskoen med grøn teknologiutvikling

Våren 2023 sende regjeringa ut på høyring eit forslag om krav til nullutslepp på hurtigbåtar frå 1. januar 2025. 

Same år inngjekk Brødrene Aa sin største kontrakt nokon gong med Norled: tre elektriske hurtigbåtar for rutene Trondheim–Kristiansund og Trondheim–Ørlandet. I kontrakten, Norled hadde med Trøndelag fylkeskommune, låg ein opsjon på forlenging, frå 6 til 10 år, dersom nullutsleppsløysingar blei valde. 

Teknologien for batteribytteløysing var ny. Den var utvikla i Pilot-E-prosjektet SHIFTR, leda av Norled, og som først blei testa i Oslofjorden på to ombygde båtar frå Brødrene Aa.

Slik såg forutsetnadane for Brødrene Aa si satsinga ut, då avtalen med Norled blei inngått.

 Men i klimameldinga som vart vedteken hausten 2024, hadde politikarane fjerna nullutsleppskravet til hurtigbåtar. Og grunnlaget for Norled til å jobbe vidare med denne typen fartøy forsvant saman med manglande krav.
Samstundes kom det tekniske utfordringar for hurtigbåten. Det første ferdigstillte fartøyet, MS «Tyra», sin toppfart kom opp i 30,5 knop, og mangla slik 2,5 knop til avtalt toppfart (33 knop). Marginane i rutetidene som Norled skulle levere til Trøndelag fylkskommune,  var for små til å møte desse utfordringane.
Basert på dette kansellerte Norled kontrakten våren 2025. Og kort tid etter måtte Brødrene Aa melde oppbod og 170 tilsette mista jobben.

Barrierar og konsekvensar
Saka syner risikoen i grøn teknologiutvikling, sjølv etter vellukka pilotering. Når løysinga i praksis ikkje leverer heilt som beskrive og venta, får det store konsekvensar for aktørar som går i front.

Brødrene Aa tok her hovedansvaret for utvikling og levering av grøn teknologi med mange aktørar og leverandørar inn i prosjektet. Men dei blei ståande meir og mindre åleine om konsekvensane då den kommersielle leveransen ikkje blei heilt som forventa . 

Når manglande fleksibilitet i rutetider og politiske rammevilkår endrar seg under vegs, blir kansellering enklare for kunden. Og dermed blir risikoen endå større, og konsekvensane meir alvorlege, for bedrifter som går i front, slik det blei for Brødrene Aa. 

Kva trengst framover?
For å lukkast med grøn omstilling må prosjekta ha rom for gradvise forbetringar. Anbod bør opne for eit «utfallsrom» i yting og pris, og risikoavlasting gjennom garantiar eller støtteordningar må òg gjelde i kommersialiseringsfasen.

Effekten av stabile rammer
Hadde det politiske kravet til nullutslepp stått fast og krava til rutetider vore meir fleksible, kunne løysinga truleg blitt vidareført.  Og med betre støtteordningar og/eller offentleg garanti kunne fartøya og teknologien òg funne alternative bruksområde og grunnlaget for framtidas transportløysingar med elektrisk framdrift vore til stades.

 Denne problemstillingen må opp på dagsorden og diskuterast i brei skala både politisk og andre relevante fora i nærings- og samfunnsorganisasjonar generelt.

Next
Next

Aarbakke - eksempel på industriell innovasjon