Den uventa gevinsten ved sirkuler omstilling: Meir attraktive arbeidsplassar!
Sirkulær omstilling handlar ikkje berre om ressursar og klima. Ny forsking frå NHH viser at det er samanheng mellom grøn omstilling, meir engasjerte medarbeidarar og sterkare arbeidsgivarattraktivitet.
Ny forsking frå Norges Handelshøyskole (NHH) peikar på at det er samanheng mellom implementering av grøn omstilling og attraktiviteten arbeidsgivaren har hos dei tilsette.
Studien omfattar 205 amerikanske industribedrifter som har gjennomført ulike former for sirkuler omstilling, der forskarane har undersøkt korleis tilsette opplever arbeidsplassen sin når berekraft og sirkularitet blir ein integrert del av verksemda sin strategi og drift.
Meir enn eit miljøtiltak
Sirkulær økonomi blir vanlegvis omtalt som ein måte å redusere avfall og klimagassutslepp, redusere bruk av jomfruelege råvarer, og utvikling av nye forretningsmodellar i nye verdikjeder. Men forskinga viser at omstillinga også kan påverke korleis medarbeidarane opplever arbeidsplassen sin.
Funna viser at når tilsette ser at bedrifta arbeider målretta med ombruk, reparasjon, remanufacturing og andre sirkulære løysingar, får dei sterkare tilknyting til arbeidsplassen og vurderer den som meir attraktiv.
Når strategi og praksis heng saman
Eit sentralt funn er at når berekraft blir tydeleg, påverkar det både identiteten til bedrifta og måten den blir oppfatta på i samfunnet. Studien peikar på at truverde er avgjerande. Det er ikkje nok å snakke om berekraft, det må handling til. Tilsette som opplever samsvar mellom det bedrifta kommuniserer ut, og det den faktisk gjer, får styrka både tilliten og den positive haldninga til arbeidsgivaren sin.
Sirkuler omstilling blir difor meir enn eit klimatiltak; det bidreg også til meir attraktive arbeidsplassar. Og effekten kjem når medarbeidarane ser at sirkularitet er ein reell del av drifta, kulturen og dei strategiske vala bedrifta tek.
Medarbeidarar som ambassadørar
Forskinga viser også at medarbeidarar som er engasjerte i den sirkulere omstillinga, oftare snakkar positivt om arbeidsplassen sin til folk utanfor verksemda. Dette gjeld både i profesjonelle nettverk og i private samanhengar. Forskarane omtalar dette som «staff word-of-mouth», og er gode bidrag for å styrke inntrykket av bedrifta som ein attraktiv arbeidsgivar.
Særleg relevant for små og mellomstore bedrifter
Dette ser ut til å vere særleg relevant for små og mellomstore bedrifter. I mindre verksemder er det ofte kortare veg frå strategi og leiing til det som skjer i kvardagen, samanlikna med store bedrifter. I store bedrifter er det ikkje så lett for medarbeidarane å sjå, og følgje med på, om berekraftsverdiane bedrifta snakkar om, faktisk blir følgde opp i praksis.
Kva betyr dette for norsk industri?
Studien måler ikkje faktisk rekruttering eller korleis jobbsøkjarar vurderer bedrifter. Forskarane understrekar sjølve at dei har undersøkt korleis eksisterande medarbeidarar vurderer eiga verksemd som arbeidsplass.
Likevel peikar funna på at sirkulær omstilling kan spele ei viktig rolle i arbeidet med å utvikle attraktive arbeidsplassar. For verksemder som arbeider med ombruk, reparasjon, remanufacturing, ressursutnytting og sirkulære verdikjeder, kan sirkularitet vere meir enn eit miljø- og konkurransefortrinn. Det kan også bidra til sterkare engasjement, større stoltheit og eit meir positivt omdømme blant eigne medarbeidarar.
I ei tid der mange industribedrifter opplever hard konkurranse om kompetanse, gir funna frå denne forskinga eit interessant perspektiv:
Den grøne omstillinga handlar ikkje berre om ressursar og forretningsmodellar, men også om menneska som skal gjennomføre endringane.
Artikkelen byggjer på studien «On the Relationship Between Circular Business Model Transformation and Employer Attractiveness» av Jovinary Kajuna, Abdallah Issahaka og Magne Supphellen, publisert i Business Strategy and the Environment i 2026.