Skjereverktøy til CNC-maskiner blir utsette for stor slitasje, og etter ei tid må dei anten erstattast med nye verktøy eller slipast opp att slik at dei kan brukast vidare.
I SmartSirk er det rekna på klimaeffekten av dei to alternativa, og resultata viser at det er mykje å hente på å forlenge levetida til verktøya.
Den største gevinsten ligg i å unngå nyproduksjon
Den klart største delen av klimaavtrykket frå eit nytt verktøy kjem frå produksjonen av råmaterialane. I berekningane står materialproduksjonen for om lag 96 % av det samla klimaavtrykket ved nyproduksjon.
Når det blir lagt til rette for ombruk og forlenga levetid for eit verktøy, tek ein vare på materialet og mykje av verdien som allereie er bygd inn i produktet. Ein slepp dermed å starte på nytt med råvarer og materialproduksjon kvar gong verktøyet blir slite.
Og berekningane viser at sjølve omslipinga står for under 1% av klimaavtrykket samanlikna med klimaavtrykk ved nyproduksjon av eit verktøy.
Det er denne forskjellen som gir det store potensialet.
Eitt verktøy kan få fire liv
Det berekna klimaavtrykket frå produksjon av eitt nytt verktøy er 30,41 kg CO₂-ekvivalentar (CO₂e). Av dette kjem 29,33 kg CO₂e, (om lag 96 prosent), frå materialproduksjonen.
Ei omsliping har til samanlikning eit berekna klimaavtrykk på berre 0,216 kg CO₂e.
Dvs utslepp av klimagassar ved bruk av omslipte verktøy er mindre enn 1 % av utsleppet ved bruk av nytt verktøy.
I scenarioet vårt er det lagt til grunn at eit verktøy kan slipast om tre gonger. Eitt nyprodusert verktøy kan dermed nyttast i fire brukssyklusar:
Nytt verktøy → bruk → omsliping → bruk → omsliping → bruk → omsliping → bruk
Samanlikna med å bruke fire nye verktøy fører dette til at klimaavtrykket blir redusert med 74 % .
Transport til omsliping og tilbake til kunden er inkludert i berekningane i dette scenariet. Men kor stor del transporten utgjer, vil sjølvsagt variere med transportavstand og transportløysing mellom kunde og omslipingsverkstaden.
Likevel er hovudfunnet tydeleg: Det er den forlengde levetida og redusert behov for nyproduksjon som gir den store klimagevinsten.
Stor effekt når mange verktøy får lengre levetid
For eitt enkelt verktøy kan tiltaket synast lite. Men effekten blir vesentleg når omsliping blir sett i system og brukt på store mengder verktøy.
I scenarioet vårt er det rekna på eit årleg produksjonsbehov som ville kravd 5 000 nye verktøy, som ved nyproduksjon vil gi eit berekna klimaavtrykk på om lag 152 tonn CO₂e.
Medan omslip vil 3-doble levetida og gi ein berekna reduksjon i utslepp på 113,2 tonn CO₂e per år.
Klima og økonomi kan gå same veg
Omsliping kan også gi ein økonomisk gevinst.
I scenarioet er kostnaden ved omsliping berekna til å utgjere 30 prosent av prisen på eit nytt verktøy. Med desse føresetnadene gir kombinasjonen av nye og omslipte verktøy ein berekna kostnadsreduksjon på over 50 prosent samanlikna med å kjøpe nytt kvar gong.
Resultata i dette eksempelet er ikkje dokumenterte innsparingar hjå ein konkret kunde. Men det viser at produksjon i ein sirkuler forretningsmodell gir grunnlag for å redusere både materialforbruk og klimaavtrykk, og samtidig gi økonomisk gevinst og slik vere ekstra interessante for industrien.
Sirkulær økonomi i praksis
Omsliping av CNC-verktøy viser kor konkret sirkulær økonomi kan vere. Det treng ikkje handle om å utvikle heilt nye produkt eller produksjonssystem. Det kan like gjerne handle om å ta betre vare på produkta og materiala vi allereie har.
Dette er ein god illustrasjon på potensialet som ligg i å gå frå ein lineær modell, der utslitne produkt og produktdeler blir erstatta med nye, til ein meir sirkulær modell der produkta får fleire liv.
I scenarioet her får eitt verktøy fire liv. Resultatet er betre ressursutnytting, lågare klimaavtrykk og potensielt lågare kostnader.
Scenarioet er ein del av SmartSirk-prosjektet, som har som mål å dokumentere kunnskap og ny kompetanse om sirkulære strategiar for forlenga levetid, og overføre denne kunnskapen til andre verksemder og bransjar og slik bidra til ei meir sirkulær utvikling i heile produksjonsindustrien.